• Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til primært sidefelt

Akupunktur og Aromaterapi

  • Heim
  • Behandlingar
    • Akupunktur
    • Aromaterapi
  • Bestill time
  • Om meg
  • Prisar
  • Kontakt
  • Helsekurs
  • Innlogging Kurs

Akupunktur

Akupunkturbehandling
Akupunkturbehandling

Akupunktur  er ei behandlingsform som er over 2000 år gammal. Den har sine røter frå Kina, men brukast no over store deler av verda. Behandlinga går ut på at ein set tynne, sterile nåler i definerte akupunkturpunkt på kroppen for å oppnå ulike effektar.

Ein tenkjer seg at det går meridianar på kroppen og at punkta ligg på disse. Å syte for fri flyt av energi i meridianane og balanse i kroppen er det grunnleggande ved akupunkturbehandling.

Om du aldri har prøvd akupunktur og syns det er skummelt å få nåler i kroppen, så kan eg fortelle at dei aller fleste seier det er mindre vondt enn forventa. Når nålene er på plass, så seier mange det er veldig avslappande å få akupunktur- behandling.

Akupunktur
Akupunktur

 

Ein skil gjerne mellom to hovudformer for akupunktur:

1) Klassisk akupunktur (tradisjonell eller kinesisk akupunktur)

2) Medisinsk akupunktur (f.eks triggerpunktsbehandling/dry-needling/IMS)

 

Elektroakupunktur
Elektroakupunktur

 

Hos Akupunktur og Aromaterapi kan du få begge variantane då eg har utdanning i begge, inkludert elektroakupunktur. Ved sistnevnte set eg svak straum på nålene for ekstra stimulering.

 

 

Glidande kopping
Glidande kopping

Du kan også få Kopping. Det blir gjerne brukt for å løyse stagnasjonar i vev og muskulatur. Eg bruker koppar av glas eller plast som, med vakuum, syg seg fast på huda. Koppane kan enten settast statisk over akupunkturpunkt, eller ein kan smøre olje på huda og dra koppane fram og tilbake eller i sirklar. Vakuumet tilpassast kvar enkelt klient, og glidande kopping opplevast av dei fleste som ei svært behageleg behandling for å lindre stive eller såre musklar.

Varmelampe
Varmelampe

Som Varmebehandling brukar eg Varmelampe med infrarødt lys. Dette gir ein behageleg varme som trengjer djupt inn i kroppen og nyttast ved kuldetilstandar.

Under behandlingstimen kan du få råd om kost og eventuelle øvelsar du kan gjere heime.

 

Akupunktur nyttast gjerne ved:

– Smerter i musklar / sener / ledd.

– Stress og stressrelaterte tilstandar.

– Søvnproblem.

– Diverse kvinneplager, både før og etter menopause, samt plager i svangerskapet.

– Fordøyelsesplager.

– Vannlatningsplager.

– Hodepine.

– Svimmelhet.

– Luftveisplager, med meir.

 

Hoved sidebar

Bestill time:

Ring eller send SMS til Mariann Furevik på tlf. 48 12 47 45 Eller bestill online her: bestill time

Åpningstider

Mandag, tirsdag og torsdag: 09-16

Onsdag: 11-20

Fredag: 09-15

  • Heim
  • Behandlingar
    • Akupunktur
    • Aromaterapi
  • Bestill time
  • Om meg
  • Prisar
  • Kontakt
  • Helsekurs
  • Innlogging Kurs
Copyright © 2023 · Akupunktur og Aromaterapi, Mariann Furevik ·

Sett inn/rediger lenke

Skriv inn URL-en

Eller lag lenke til eksisterende innhold

    Ingen søkeord spesifisert. Viser nye elementer. Søk eller bruk opp- og ned-pilene på tastaturet for å velge.