• Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til primært sidefelt

Akupunktur og Aromaterapi

  • Heim
  • Behandlingar
    • Akupunktur
    • Aromaterapi
  • Bestill time
  • Om meg
  • Prisar
  • Kontakt
  • Helsekurs
  • Innlogging Kurs
Mariann Furevik
Mariann Furevik

Om meg.

Mitt navn er Mariann Furevik og eg driv Akupunktur og Aromaterapi i Førde. Eg er opptatt av å gi deg trygg og god behandling og har alltid fokus på sikkerhet. Sterile eingangsnåler er ein sjølvsagt ting ved akupunkturbehandling hos meg.

Ynskjer du aromaterapi, så får du massasje med eteriske oljar som er spesielt utvalde til deg. Eg er nøye på å plukke ut oljar som ikkje motvirkar eventuelle medisinar du brukar.

Utdanning.

Av relevant utdanning har eg bachelor i akupunktur, eitårig kurs i aromaterapi og sjukepleieutdannelse i bunn.

Både for deg som kunde og meg som behandlar, er det betryggande at eg er utdanna sjukepleiar og har jobba ved Førde sentralsjukehus i over 20 år. Der jobba eg det meste av tida på medisinsk avdeling og  deretter på kreftsengeposten frå den opna. Om dine symptom er av ein slik art at eg syns du bør søke lege, så har eg god og lang erfaring i å oppdage det. Min sjukepleieutdannelse tok eg ved Sjukepleiehøgskulen i Førde allereie i 1984-1987, med jevnlege kurs og oppdatering i ettertid.

I 2000  utdanna eg meg til aromaterapeut ved Bio Medicus Akademiet og jobba deretter i halv stilling som sjukepleiar på sjukehuset og resten med aromaterapi.

I 2013 var eg ferdig utdanna akupunktør med bachelorgrad, ved Høyskolen Kristiania.

Gruppebilde utanfor University of Chineese Medicine. Kinaopphald.

I løpet av studietida hadde vi ein månads opphald i Nanjing i Kina. Der var vi utplassert på sjukehus om formiddagane og fekk undervisning om ettermiddagane ved Nanjing University of Chineese medicine.

Vi fekk god trening i ulike teknikkar på det å sette nåler. Hadde mykje praktisk trening med nøye veiledning og tilsyn.

Gruppa mi sammen med legen/akupunktøren som underviste oss på sjukehuset.

Kjekt å sjå korleis dei integrerte akupunktur på sjukehusa, som ein poliklinikk på lik linje med andre poliklinikkar.  Det var eit lærerikt opphald.

Akupunktur og Aromaterapi

er både navnet på firmaet mitt og det eg jobbar med på fulltid no.  Min spesialinteresse er hodepine/migrene. Mitt ynskje er å gjere din dag både kjekkare og lettare ved å hjelpe deg å få bedre helse og/eller mindre smerter.

Hoved sidebar

Bestill time:

Ring eller send SMS til Mariann Furevik på tlf. 48 12 47 45 Eller bestill online her: bestill time

Åpningstider

Mandag, tirsdag og torsdag: 09-16

Onsdag: 11-20

Fredag: 09-15

  • Heim
  • Behandlingar
    • Akupunktur
    • Aromaterapi
  • Bestill time
  • Om meg
  • Prisar
  • Kontakt
  • Helsekurs
  • Innlogging Kurs
Copyright © 2025 · Akupunktur og Aromaterapi, Mariann Furevik ·