Eteriske oljar.
Lær å bruke reine eteriske oljar på ein trygg måte, ved ulike plager, både i kroppspleie og for sunt inneklima. Om du bestiller her så vil eg lære deg korleis du skal bruke dei. Ynskjer du å teste ei olje så ta gjerne kontakt med meg på tlf. 48124745, eller du kan registrere deg og bestille her.
Kva er eteriske oljar?
Ei eterisk olje er ein flyktig essens i plantar som kan oppløysast i olje, men som ikkje løyser seg i vatn. Det er små duftmolekyl som gir planten sin særeigne lukt og eigenskap. Vi kan gjerne kalle det for plantens immunsystem og disse eigenskapane kan vi gjere oss nytte av. I alle tider har eteriske oljer vore brukt i parfymeindustrien og i hudpleie til dømes. Eg har brukt dei i aromaterapi- massasje i 20 år. Vi kan utvinne eteriske oljar både frå blomster, blad, urter, tre, røter og frukt. Det er ulike delar av plantane vi brukar, alt etter art, og ulike utvinningsmetodar. Sitronoljen er for eksempel pressa ut av skalet på sitronen og Frankincense blir dampdestillert av kvaen frå boswelliatreet. Oljane har ulik virkning. Sitronoljen er for eksempel oppkvikkande og rensande, mens lavendel er roande. Ikkje alle oljar skal takast innvortes.
Korleis veit vi at oljane er reine?
Det er dessverre mykje ureine oljar i handelen. Billege eteriske oljar som er utblanda for å få meir av dei og dermed tene meir pengar. Oljen kan faktisk også vere totalt kjemisk framstilt. Likevel er dei ofte merka med 100% reine eteriske oljar, eller 100% økologisk. Det er svært vanskeleg å skilje ei utblanda eller kjemisk framstilt olje frå ei som er heilt rein utan å teste den i laboratorie.
Det er få oljeprodusentar som kan dokumentere at dei har reine oljar, men doTERRA sine oljar er dei mest testa og reine oljene på markedet i dag. Dei har sett standarden for kvalitet og alle oljene deira har gått igjennom mange testar frå dei blir høsta til dei er på flaske. I tillegg får bøndene som dyrkar og høstar dei skikkelig betalt. DoTERRA har også sin eigen hjelpeorganisasjon, “Healing Hands” som går tidlig inn i eit kriseområde med hjelp. Fordi eg er trygg på oljane og stolt av selskapet har eg gått over til disse oljane både i aromaterapi- behandlingane og i privat bruk.