• Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til primært sidefelt

Akupunktur og Aromaterapi

  • Heim
  • Behandlingar
    • Akupunktur
    • Aromaterapi
  • Bestill time
  • Om meg
  • Prisar
  • Kontakt
  • Helsekurs
  • Innlogging Kurs

aromaterapi

12/10/2017 by Mariann Furevik Skriv en kommentar

Kva er det med hausten egentlig?

Akupunktør Mariann Furevik
Akupunktør Mariann Furevik

Er du av dei som syns at hausten er den beste tida på heile året? Då kan du glede deg over dei fine fargane i naturen og du trivst med at temperaturen er lågare enn på dei varmaste sommardagane. Ja i år har vi ikkje vore “plaga” med mykje sommarvarme her på Vestlandet akkurat, så då har du kanskje hatt det bra heile sommaren?  Du veit å nyte den klare, kjølige lufta når du går turar, gjerne på dei høgste fjelltoppar. Eller du kan, uten dårleg samvit, nyte dei mørke haustkveldane innandørs med fyr i ovnen.

Du går laus på haustens oppgåver med masse glede og energi, enten det handlar om hagearbeid, jakt og anna innhausting, eller planlegging av 4. kvartal på jobben.

Eg har det litt annleis. Javisst, eg gledar meg over fine haustdagar og fine fargar i naturen, men samtidig er det litt trist syns eg. I det lengste prøver eg å halde fast på sommaren.

Er du som meg at du blir litt melankolsk om hausten og syns det er leit når sommaren er over rett og slett?

Eg får litt ekstra behov for trøst om hausten. Syns litt synd på meg sjølv og likar at nokon puslar om meg. Då er ein god massasje eit must. Det skal eg unne meg i dag.

Du kan bestille aromaterapi- massasje hos meg om du vil. Eg likar å vere inne og massere og pusle om deg mens regnet og hauststormane herjar ute.

http://www.akupunkturogaromaterapi.no/aromaterapi

 

Filed Under: Blogginnlegg Tagged With: aromaterapi, aromaterapi-massasje i Førde, massasje

18/06/2017 by Mariann Furevik Skriv en kommentar

Akupunktur og Aromaterapi – no med heimeside.

På tide med heimeside? No har eg dreve Akupunktur og Aromaterapi i fleire år og ser at behovet for å komme på nett melder seg. Vel og merke har eg hatt bedriftsside på facebook nokre år, men det er ikkje nok. Som sjølvstendig næringsdrivande må eg nesten ha informasjon til kundane mine på eiga netsttstad no til dags.

Mariann Furevik
Mariann Furevik

Med knapp kapital bestemte eg meg for å lage heimesida mi sjølv. Kor vanskelig kan det vere? Eg kjøpte kurs om emnet og gikk i gang. Dette var for halvtanna år sidan. For ei som ikkje forstår seg så mykje på IT- verdenen vart dette i meste laget. Sjønte fort at det var uendelig mykje eg måtte lære meg for å få sida opp og gå. I djup frustrasjon vart den lagt på is i over eit år, men no er eg i gang igjen og det rare er at denne gangen syns eg det er mykje kjekkare å jobbe med. Har du lyst å sjå første versjon av sida så gå inn her: http://www.akupunkturogaromaterapi.no

Her finn du informasjon om behandlingane og prisar , samt litt om meg og kor du finn meg. På bloggen vil eg, med ujevne mellomrom, skrive om forskjellige ting enten det er om behandlingane mine, om kurs eller andre interessante helserelaterte emne. Vi sjåast.

 

Filed Under: Blogginnlegg Tagged With: Akupunktur, aromaterapi, heimeside.

11/05/2017 by Mariann Furevik

Aromaterapi- massasje

Eteriske oljar blandast i baseolje og brukast til massasje.

Om ein ser vekk frå dei naturleg store hendingar i livet, så er det ikkje mykje som kan måle seg med ein god massasje vil eg påstå. Det kjekkaste er at du behøver ikkje feile nokon ting for å kunne unne deg litt aromaterapi- massasje. Det er nok å tenke at “no skulle det jammen vore godt med litt massasje”. Hos meg handlar det mest om forebygging og vedlikehald. Avslappning er eit stikkord og å få litt timeout frå kvardagens kjas og mas, så du kan ta deg inn igjen og få ny giv. Velkommen skal du vere.

Filed Under: Slider Tagged With: aromaterapi, aromaterapi-massasje i Førde, massasje

11/05/2017 by Mariann Furevik Skriv en kommentar

Akupunktur og Aromaterapi, Mariann Furevik

Mariann Furevik

Adresse: Lindbøen 2, Førde. Med inngang frå Angedalsvegen.

Timebestilling: 481 24 745

 

 

Filed Under: Slider Tagged With: Akupunktur, aromaterapi

Hoved sidebar

Bestill time:

Ring eller send SMS til Mariann Furevik på tlf. 48 12 47 45 Eller bestill online her: bestill time

Åpningstider

Mandag, tirsdag og torsdag: 09-16

Onsdag: 11-20

Fredag: 09-15

  • Heim
  • Behandlingar
    • Akupunktur
    • Aromaterapi
  • Bestill time
  • Om meg
  • Prisar
  • Kontakt
  • Helsekurs
  • Innlogging Kurs
Copyright © 2023 · Akupunktur og Aromaterapi, Mariann Furevik ·

Sett inn/rediger lenke

Skriv inn URL-en

Eller lag lenke til eksisterende innhold

    Ingen søkeord spesifisert. Viser nye elementer. Søk eller bruk opp- og ned-pilene på tastaturet for å velge.