• Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til primært sidefelt

Akupunktur og Aromaterapi

  • Heim
  • Behandlingar
    • Akupunktur
    • Aromaterapi
  • Bestill time
  • Om meg
  • Prisar
  • Kontakt
  • Helsekurs
  • Innlogging Kurs

Blogginnlegg

12/10/2017 by Mariann Furevik Skriv en kommentar

Kva er det med hausten egentlig?

Akupunktør Mariann Furevik
Akupunktør Mariann Furevik

Er du av dei som syns at hausten er den beste tida på heile året? Då kan du glede deg over dei fine fargane i naturen og du trivst med at temperaturen er lågare enn på dei varmaste sommardagane. Ja i år har vi ikkje vore “plaga” med mykje sommarvarme her på Vestlandet akkurat, så då har du kanskje hatt det bra heile sommaren?  Du veit å nyte den klare, kjølige lufta når du går turar, gjerne på dei høgste fjelltoppar. Eller du kan, uten dårleg samvit, nyte dei mørke haustkveldane innandørs med fyr i ovnen.

Du går laus på haustens oppgåver med masse glede og energi, enten det handlar om hagearbeid, jakt og anna innhausting, eller planlegging av 4. kvartal på jobben.

Eg har det litt annleis. Javisst, eg gledar meg over fine haustdagar og fine fargar i naturen, men samtidig er det litt trist syns eg. I det lengste prøver eg å halde fast på sommaren.

Er du som meg at du blir litt melankolsk om hausten og syns det er leit når sommaren er over rett og slett?

Eg får litt ekstra behov for trøst om hausten. Syns litt synd på meg sjølv og likar at nokon puslar om meg. Då er ein god massasje eit must. Det skal eg unne meg i dag.

Du kan bestille aromaterapi- massasje hos meg om du vil. Eg likar å vere inne og massere og pusle om deg mens regnet og hauststormane herjar ute.

http://www.akupunkturogaromaterapi.no/aromaterapi

 

Filed Under: Blogginnlegg Tagged With: aromaterapi, aromaterapi-massasje i Førde, massasje

04/10/2017 by Mariann Furevik

Akupunktur ved hodepine – kva tenker du?

Akupunktør Mariann Furevik
Akupunktør Mariann Furevik

Kundane mine spør ofte om eg trur akupunktur kan hjelpe ved migrene eller spenningshodepine. Eg kan jo ikkje påstå at det gjer det for deg, men kvifor ikkje prøve?

Sjølvsagt har eg trua på det som eg jobbar med til dagen, men det lyt nesten bli opp til deg om du har lyst å prøve eller ikkje. Det er viktig at du har vore til legen din og fått konstatert at det er er migrene eller spenningshodepine du har og at dei meir alvorlege tilstandar er utelukka.

Slik foregår ein konsultasjon hos meg reint praktisk:

Det første som skjer er at eg tar opp ein grundig journal. I tillegg til å spørre deg om sjølve hodepinen og korleis den artar seg så får du også spørsmål angåande forskjellige system i kroppen som for eksempel: fordøyelse, vannlatning, søvn, varme/kulde, humør, energinivå. Så kjenner eg på pulsen din på begge hender og eg ser på tunga di. Ut ifrå alle disse detaljane kan eg  sjå eit mønster og dermed komme fram til kva eg kan foreslå for deg. Brukar du medisinar så tek eg dei med i betraktninga.

Ved migrene brukar eg som regel kun akupunktur.

Akupunktur
Akupunktur

Du får tynne, sterile nåler i dei akupunkturpunkta som eg har plukka ut til deg utifrå utspørringa og puls- og tunge- diagnostikk. Disse ligg du på benken med i 20 til 30 minutt og nokre av nålene beveger eg gjerne litt på innimellom.

Er du kvalm og har veldig vondt under konsultasjonen, så får du sjølvsagt ligge på behandlingsbenken under heile utspørringa også.

Ved spenningshodepine brukar eg oftast å kombinere massasje og akupunktur.

Då får du først rygg/skulder/nakkemassasje for å løyse stivhet og spenningar i muskulaturen. Deretter får du akupunktur som beskreve ovanfor etterpå. Her står nålene i ca 20 minutt.

Antal konsultasjonar varierer frå person til person, men beregn minimum 5 -6. Ved spenningshodepine vel mange deretter å ta ei behandling ein gang i månaden ei tid framover for vedlikehold.

Har du spørsmål så ta kontakt her: http://www.akupunkturogaromaterapi.no/kontakt/.

Eller bestill time her: http://www.akupunkturogaromaterapi.no/booking/

 

Filed Under: Blogginnlegg Tagged With: Akupunktur, akupunktur i Førde, Hodepine, massasje, Migrene, Spenningshodepine

15/09/2017 by Mariann Furevik

Hodepinehelg igjen?

Fredag og helg…. jippi !! Eller…?

No kan du slappe av og ta deg inn igjen til ny veke. Kanskje du har noko og feire også? Eller blir det hodepinehelg igjen?

Akupunktør Mariann Furevik
Akupunktør Mariann Furevik

Som akupunktør og massør ser eg mange klientar som har fått ødelagt helgane sine med å ha hodepine. Det er ofte når du kan slappe av etter ei travel arbeidsveke, eller ei travel skuleveke at smertene set inn skikkelig. I løpet av veka har du gjerne klart å halde den på avstand ved å vere i aktivitet, men no når du kan slappe av så kjem den for fullt, spenningshodepinen.

Eit godt råd er å stå opp tidleg også i helga, i staden for å sove lenge frampå om morningen. Bevegelse i friluft er eit anna. Ut og gå tur i ulendt terreng. Då får du bevega både armar og bein og får løyst opp i muskelspenningar.

Vil du ha fleire gode råd ved hodepine så kan du få dei på mail.

Filed Under: Blogginnlegg Tagged With: Akupunktur, akupunktur i Førde, Hodepine, hodepinehelg, Spenningshodepine

30/08/2017 by Mariann Furevik

Migrene eller spennings- hodepine ?

 

Begge deler kan slå ein skikkelig ut, kansje i fleire dagar, og symptoma kan gå litt i kvarandre.

Likevel er det nokre symptom som skil disse. Migrene er rekna som ein nevrologisk anfallssjukdom, hodepinen kjem altså anfallsvis. Smertene sit ofte på eine sida, men ikkje alltid. Typisk er at migrenehodepine kan ha dunkande smerter, og at den forverrar seg ved aktivitet. Berre det å gå opp ei trapp kan forverre smertene. Trøtthet, kvalme og brekningar er ikkje uvanleg.

Nokre, ca 20% ifølge nevro.legehandboka.no , har det vi kallar aura. Dette er ulike sanseopplevingar som oppstår før hodepinen set inn. Det kan vere synsforstyrrelsar som lysblink, tunellsyn. Somme kan ha føleforstyrrelsar, hørsel- eller taleforstyrrelsar.

Eg kjenner ei dame som ikkje klarte å snakke når ho fekk aura. Det gikk direkte på taleevnen hennas. Omgivelsane trudde ein gang at ho hadde fått hjerneslag og fekk ho innlagt på sjukehus. Sjølv visste ho at ho berre måtte komme seg heim og legge seg, men klarte ikkje å kommunisere det. Ein fortvilande situasjon.

Det er ulike ting som kan utløse migrene, såkalte triggerar. Disse varierer frå person til person. Det kan vere visse matvarer, alkohol, lite søvn, stress, sterkt lys, høge lydar, hormonar eller andre ting. Viktig er det iallfall å bli kjent med kva som triggar din hodepine. Då kan du lettare unngå dei.

Spenningshodepine, eller “hodepine av spenningstype” (HST) kjem ofte i forbindelse med stress. Gjerne etter ein travel periode når du skal slappe av. For mange er dette eit helgefenomen. Etter ei travel veke på jobb, når ein skal slappe av og ta seg inn att til neste veke, så set hodepinen inn. Eller om ein gjennomgår stressande situasjonar i privatlivet.

Smertene er som regel trykkande/pressande og kan kjennast som eit stramt band over panna og rundt hodet. Ein vaknar gjerne ikkje med denne hodepinen om morningen, men den kjem i aukande grad utover dagen. Typisk for spenningshodepine er at smertene ikkje blir forverra ved aktivitet. Nokre kan ha smerter i muskulatur og senefeste i skuldre , nakke og bakhode. Andre kjenner seg deprimerte og kan ha angst,  er på “alerten” heile tida.

Akupunktør Mariann Furevik
Akupunktør Mariann Furevik

Om du har spenningshodepine, så kan du også ha migrene. Det er mange som har begge deler.

Kilde: http://nevro.legehandboka.no og Nasjonal kompetansetjeneste for hodepine ved St.Olavs Hospital.

 

Her er nokre gratis tips du kan få om du slit med migrene eller spenningshodepine.

[magicactionbox id=530]

Filed Under: Blogginnlegg Tagged With: Akupunktur, akupunktur i Førde, Hodepine, massasje, Migrene, råd ved hodepine, Spenningshodepine

18/06/2017 by Mariann Furevik Skriv en kommentar

Akupunktur og Aromaterapi – no med heimeside.

På tide med heimeside? No har eg dreve Akupunktur og Aromaterapi i fleire år og ser at behovet for å komme på nett melder seg. Vel og merke har eg hatt bedriftsside på facebook nokre år, men det er ikkje nok. Som sjølvstendig næringsdrivande må eg nesten ha informasjon til kundane mine på eiga netsttstad no til dags.

Mariann Furevik
Mariann Furevik

Med knapp kapital bestemte eg meg for å lage heimesida mi sjølv. Kor vanskelig kan det vere? Eg kjøpte kurs om emnet og gikk i gang. Dette var for halvtanna år sidan. For ei som ikkje forstår seg så mykje på IT- verdenen vart dette i meste laget. Sjønte fort at det var uendelig mykje eg måtte lære meg for å få sida opp og gå. I djup frustrasjon vart den lagt på is i over eit år, men no er eg i gang igjen og det rare er at denne gangen syns eg det er mykje kjekkare å jobbe med. Har du lyst å sjå første versjon av sida så gå inn her: http://www.akupunkturogaromaterapi.no

Her finn du informasjon om behandlingane og prisar , samt litt om meg og kor du finn meg. På bloggen vil eg, med ujevne mellomrom, skrive om forskjellige ting enten det er om behandlingane mine, om kurs eller andre interessante helserelaterte emne. Vi sjåast.

 

Filed Under: Blogginnlegg Tagged With: Akupunktur, aromaterapi, heimeside.

Hoved sidebar

Bestill time:

Ring eller send SMS til Mariann Furevik på tlf. 48 12 47 45 Eller bestill online her: bestill time

Åpningstider

Mandag, tirsdag og torsdag: 09-16

Onsdag: 11-20

Fredag: 09-15

  • Heim
  • Behandlingar
    • Akupunktur
    • Aromaterapi
  • Bestill time
  • Om meg
  • Prisar
  • Kontakt
  • Helsekurs
  • Innlogging Kurs
Copyright © 2023 · Akupunktur og Aromaterapi, Mariann Furevik ·

Sett inn/rediger lenke

Skriv inn URL-en

Eller lag lenke til eksisterende innhold

    Ingen søkeord spesifisert. Viser nye elementer. Søk eller bruk opp- og ned-pilene på tastaturet for å velge.